Liverpool lukkast endeleg med å ta sin første ligatittel då dei styrte inn til ein soleklar 1. plass førre sesong. Og, som det ofte er for laget som vinn ligaen, var det svært mange fantasy-poeng å hente på Merseyside. Sjølv om Liverpool sannsynlegvis ikkje klarer å levere ein like god sesong, er det framleis svært mange gode alternativ å velje i frå «The Reds».
Forsvar
I forsvarsleddet er det fleire spelarar som er aktuelle; Trent Alexander-Arnold (7.5m), Andy Robertson (7.0m), Virgil van Dijk (6.5m), keeper Alisson Becker (6.0m) og kanskje til og med ein liten differensial i Joe Gomez (5.5m).
Etter underteikna si meining, bør absolutt alle ha Trent Alexander-Arnold på laget sitt. Han plukka heile 210 poeng førre sesong, fjerde mest av alle spelarar på laget, og då er det verdt å bruke 7.5m på høgrebacken. Han tek både hjørnespark og frispark, og er lagets største sjanseskapar. Ingen tvil om at det er utruleg farleg å gå utan 21-åringen.
Andy Robertson hadde også ein produktiv førre sesong med 181 poeng, men til 7.0m hamnar han nok litt i Alexader-Arnold sin skugge. Ein kan så absolutt doble opp med begge to i periodar der laget har godt kampprogram, men ein bør ikkje ta skotten inn i laget dersom det gjer at ein ikkje har plass til backkollegaen hans.
Virgil van Dijk diska opp med 178 poeng førre sesong og det kan fort vere meir aktuelt å ta hollendaren inn i staden for Robertson – nettopp fordi han kostar 0,5m mindre enn venstrebacken. Van Dijk kjem til å spele så å seie alt av minutt komande sesong og vil vere ei svært stabil og kontinuitetsberande løysing som kan vere ein «season keeper».
Keeper Alisson Becker er, i likskap med van Dijk, ei svært trygg løysing – men det er meir verdi å hente blant billegare keeperar, i tillegg til at ein helst bør ha mest mogleg pengar til å bruke på midtbaneleddet. Det gjer at Becker sannsynlegvis ikkje vil vere den smartaste løysinga.
Joe Gomez kjem nok til å få meir speletid denne sesongen ettersom han er forventa å vere eit klarare andrevalg på midtstopparplass framfor Joel Matip. Dersom engelskmannen blir fast i laget, kan det potensielt vere verdi å hente – men ein bør sjå an litt.
Midtbane
I midtbaneleddet er det strengt tatt berre to spelarar som er aktuelle på Liverpool; nemleg Mohamed Salah (12.0m) og Sadio Mané (12.0m).
Mohamed Salah er nok den spelaren som peikar seg ut som det beste alternativet på midtbana. Egyptaren kosta 0,5m meir førre sesong og ser ut som ein spelar ein må ha på laget sitt. Han har stabilt levert fantastiske mål og målgivande tal over tre sesongar, og har tidlegare vist at han kan levere sjølv om laget rundt han ikkje er like bra, noko som er tryggande ettersom det ikkje er nokon garantiar for at Jürgen Klopp og hans mannskap leverer på same nivå som dei to føregåande sesongane. Salah tek i tillegg Liverpool sine straffer. Det vil vere frykteleg skummelt å gå utan den målscorande høgrevingen.
Sadio Mané er heller ikkje eit dårleg val, langt derifrå, men dersom ein samanliknar han med Salah, så ser senegalesaren ut til å vere eit litt dårlegare alternativ enn egyptaren. Dei kostar begge 12.0m, men Mané leverte 12 poeng mindre enn Salah førre sesong – og er i tillegg ikkje lagets straffeskyttar. Han kan vere ein «diff», men det kan vere lurt å starte med Salah og sitte stille i båten dei første rundene.
Angrep
Av Liverpool sine angrepsspelarar, er det berre ein spelar som er garantert speletid; Roberto Firmino (9.5).
Brasilianaren er den som legg til rette for at spelarar som Mohamed Salah og Sadio Mané skal levere målpoeng, og får difor ikkje like mange målpoeng som dei to kantspelarane. Firmino fekk 155 poeng førre sesong, heile 78 poeng mindre enn Salah og 66 poeng mindre enn Mané, men kostar 2,5m mindre enn dei to. Han leverte dårleg framfor mål førre sesong og kan difor få ein oppsving komande sesong, men det må ein sjå an.
Dersom Firmino pådrar seg ei skade, kan Rhian Brewster (4.5m) bli føretrekt framfor Divock Origi (5.5m). Det kan potensielt vere enorm verdi til prisen, men det skjer ikkje utan at det blir ei skade i angrepsleddet.
Oppsummering
Alt i alt er det to spelarar ein strengt tatt må ha på laget sitt frå Liverpool: Trent Alexander-Arnold (7.5m) og Mohamed Salah (12.0m). Det er ingen som er dyrare enn dei to i sine respektive kategoriar, men det vil vere svært farleg å gå utan dei to. Begge har potensiale til å ha rundar opp mot og over 20 poeng, og kjem sannsynlegvis til å plukke massevis av poeng også komande sesong.