Etter at Jürgen Klopp sine menn tapte ligaen med eitt poeng mot Manchester City i 2018/19-sesongen, lukkast dei førre sesong med å endeleg ta sin første Premier League-tittel.
Vi trur dei kan få trøbbel med å gjenta suksessoppskrifta komande sesong.
Førre sesong
Mange trudde at Liverpool gjekk glipp av ei stor moglegheit til å vinne Premier League-trofeet for første gong då dei hamna eitt poeng bak Manchester City i 2018/19-sesongen – men kritikarane viste seg å ta dundrande feil.
Jürgen Klopp sitt mannskap viste ein utruleg mental styrke og vann kamp på kamp, og distanserte dei andre laga før dei gjekk på sitt første tap i ligaen på bortebane mot Watford seint i februar. Tapet endra ikkje på spesielt mykje, og «The Reds» sikra etter kvart sin første Premier League-tittel med ein margin på heile 18 poeng ned til Manchester City på 2. plass. Utan tvil ein av tidenes beste Premier League-sesongar!
Overgangar
Inn:
Kostas Tsimikas (frå Olympiakos), £11,8 millionar
Ut:
Dejan Lovren (til Zenit), £10,9 millionar
Ovie Ejaria (til Reading), ukjend beløp
Pedro Chirivella (til Nantes), gratis
Adam Lallana (til Brighton), gratis
Nathaniel Clyne (utgått kontrakt)
Morgan Boyes (til Fleetwood Town), lån
Adam Lewis (til Amiens), lån
Spelarprofil: Mohamed Salah
I Liverpool-laget er det mange spelarar som blir trekt fram som «ukjende heltar». Mange meinte at kaptein Jordan Henderson var sesongens beste spelar i Premier League, at Gini Wijnaldum er den som får laget til å tikke og at Liverpools viktigaste angrepsspelar er Roberto Firmino – men, etter underteikna si meining, er det ein spelar som får altfor lite skryt i forhold til det han leverer; Mohamed Salah.
På sine tre sesongar i Premier League sidan overgangen frå Roma i 2017, har Salah høvevis levert 32, 22 og 19 scoringar, i tillegg til å produsere 10, 8 og 10 målgivande pasningar også. Det er eit heilt ekstremt produksjonsnivå, og egyptaren er nok eit aldri så lite offer for eigen suksess, ettersom hans første sesong i Liverpool-trøya statistisk sett var den beste. Førre sesong var det for eksempel berre Kevin De Bruyne som leverte fleire målpoeng i Premier League.
Salah har vore ei av dei aller viktigaste brikkane i eit historisk bra Liverpool-lag, og, får etter underteikna si meining sannsynlegvis ikkje nok «kreds» fordi han kanskje ikkje er like estetisk tilfredsstillande å sjå spele fotball som mange andre.
Han leverer minst like gode tal som t.d. Sadio Mané, og er ekstremt god til å skape moglegheiter for seg sjølv. Ja, mykje av Liverpool sitt angrepsspel er bygd opp for at vingane skal score mål, men det er ikkje tilfeldig at Salah skyt klart mest i ligaen med 3,9 skot per kamp. At Salah er egoistisk må også kunne seiast å vere ei myte. Det er nemleg berre Trent Alexander-Arnold som skaper fleire sjansar per kamp i Liverpool-laget.
Dersom Liverpool har nok ein fantastisk sesong i 2020/21, kan du vedde på at Salah kjem til å ha vore ein av dei viktigaste bidragsytarane.
Oppsummering
Liverpool kan så absolutt vinne sin andre ligatittel på rad, men ein kan med stor tryggleik seie at det kjem til å bli ei mykje tettare batalje enn det var førre sesong. Ifølgje xPoints frå Understat, var Liverpool forventa å ta 74,28 poeng førre sesong – heile 25 poeng mindre (!) enn dei faktisk tok (99). For å samanlikne var Manchester City forventa å ta 86,76 poeng. Over 12 meir enn det Liverpool var forventa å ta.
Jürgen Klopp sine menn hadde ekstremt mange marginar med seg førre sesong. Ja, dei var sjølvsagt dyktige og gode som klarte å setje seg i posisjonar til å ha flaks og marginar med seg, men ein kan likevel argumentere for at dei hadde unormalt mange marginar med seg.
Klopp verkar å ha full tillit og oppslutning blant spelarane, men dette laget har faktisk vunne både Premier League og Champions League. Førre sesong viste dei ein enorm svolt etter å ta klubbens første Premier League-tittel. Dei hadde tunnelsyn retta mot det trofeet. Kjem den same svolten til å vere der komande sesong? Ein kan ikkje vere heilt sikker på det. Klopp er heilt tydeleg ein god motivator, men det gjekk nedover for han i Dortmund etter kvart. Kan den duppen kome for Liverpool komande sesong? Det er ikkje umogleg.
Manchester City har fornya seg ved å hente Ferrán Torres og Nathan Aké, og Chelsea ser ekstremt farlege ut framover i bana med både Timo Werner og Hakim Ziyech (og sannsynlegvis Kai Havertz) på plass. Klarer Liverpool å kapre Thiago Alcantara, så kan det fort sjå annleis ut igjen – men vi går hardt ut og tippar at Liverpool hamnar på 3. plass i Premier League 2020/21.
Tabelltips Liverpool
3. plass
Oddstips Liverpool – Premier League 2020/2021
Spillselskapet Unibet ser ut til å være ganske enig i deler av vårt resonnementet rundt Liverpools tabelltips for 2020/2021-sesongen. “linja” ligger på 80.5 mål og 86.5 poeng. Med andre ord vurderer Unibet sjansen for over/under 86.5 poeng til å være 50/50.
Vi tror ikke Liverpool slipper inn færre mål enn forrige sesong. Vårt spill blir derfor at Liverpool slipper inn over 30 mål den kommende sesongen. Det betyr at Liverpool kan slippe inn 2 færre mål enn forrige sesong, og likevel gi gevinst på spillet.