Etter ein skuffande sesong, skal José Mourinho og co. ta fatt på hans første sesongstart i Tottenham. Vi trur at portugisaren sitt lag får ei litt betre plassering enn førre sesong.
Førre sesong
Tottenham hadde mildt sagt ein turbulent 2019/20-sesong. Laget starta sesongen dårleg og Mauricio Pochettino, ein forguda manager blant store delar av fansen, fekk sparken i november og inn dørene kom ingen andre enn José Mourinho.
Portugisaren klarte å få laget til å prestere litt betre, men skader på både Harry Kane og Heung-Min Son gjorde at Spurs hadde store problem like før koronaviruset dukka opp og stengte ned alt. Etter pausen, har Tottenham sett meir solide ut og ein utkvilt Harry Kane har levert på nivået han har vist i tidlegare sesongar. Det heldt til 59 poeng og 6. plass, noko som betyr at dei spelar Europa League-fotball neste sesong – for første gong sidan 2015/16-sesongen.
Overgangar
Inn:
Pierre-Emile Højbjerg (frå Southampton), £15 millionar
Matt Doherty (frå Wolverhampton), £14,7 millionar
Joe Hart (frå Burnley), gratis
Alfie Devine (frå Wigan), ukjend beløp
Ut:
Kyle Walker-Peters (til Southampton), £12 millionar
Luke Amos (til QPR), ukjend beløp
Jan Vertonghen (til Benfica), gratis
Michel Vorm (utgått kontrakt)
Oliver Skipp (til Norwich), lån
Troy Parrott (til Millwall), lån
Timothy Eyoma (til Lincoln), lån
Spelarprofil: Pierre-Emile Højbjerg
Heilt sidan byrjinga av 2017/18-sesongen, har Tottenham hatt eit problem omkring defensive midtbanespelarar. Victor Wanyama, som no er i Montreal Impact, og Eric Dier har hatt store skadeproblem sidan august 2017, og Mousa Dembele sin kropp klarte heller ikkje å levere varene like ofte som før. No, tre år seinare, ser det ut til at Spurs kan ha funne løysinga på denne problemstillinga.
Den tidlegare Bayern München-spelaren Pierre-Emile Højbjerg imponerte stort som Southampton-kaptein førre sesong, og har no reist nordover for å stabilisere Tottenham-midtbana. Dansken blir skildra som svært moden for alderen og som ein leiar, noko dette laget verkeleg treng. I Southampton har eit av særprega hans vore at han brukar hendene til å spreie bodskapar til lagkameratane sine, som for eksempel kvar dei skal ta si første ballberøring eller kva rom dei skal bevege seg inn i. 25-åringen er ein kommanderande skikkelse.
Southampton-trenar Ralph Hassenhüttl stilte ofte opp laget sitt i ein 4-2-2-2-formasjon førre sesong, og mannskapet hans pressa ofte intenst høgt i bana for å vinne att ballen – ein type fotball som passar Højbjerg som hand i hanske. Skulle Mourinho bestemme seg for å ville presse høgt, kjem Højbjerg til å vere klar for å bidra.
Tottenham har mangla ein ballvinnar, og her kjem Højbjerg til å løyse ein stor del av problemet. Førre sesong takla han 2,3 gongar per kamp, noko berre Serge Aurier av den faste inventaren i Tottenham-laget hadde meir enn (2,8). Han leverte også 1,4 avskjeringar, delt-mest med Aurier av dei som spelte fast for Spurs førre sesong.
Højbjerg driblar også 1,2 gongar per kamp og er kapabel til å kome seg ut av tronge rom og ekle situasjonar med dribleferdigheitene sine. Højbjerg er ikkje spesielt sikker i pasningsspelet med ein suksessrate på 78,1% på dei 55,2 pasningane per kamp førre sesong, men det var mykje fordi han prøvde seg på risikable pasningar gjennom motstandar sine ledd. Å spele han saman med t.d. Harry Winks kan fungere bra, ettersom engelskmannen er svært sikker i pasningsspelet.
Alt i alt verkar det som om Højbjerg er ei solid signering for Tottenham. Han fyller det største holet i spelarstallen og kjem, i likskap med Joe Hart, til å tilføre leiareigenskapar i laget og ei kommanderande stemme i garderoben.
Oppsummering
Sjølv om det meste gjekk gale for Tottenham førre sesong, klarte dei til slutt å karre seg til ein 6. plass i ligaen ettersom dei hadde betre målforskjell enn Wolverhampton på plassen under. Ser ein på xGoals-tala frå Understat, var Tottenham svært heldige som til slutt hamna på 6. plass. Dei var forventa å ta 49,26 poeng, omtrent 10 poeng færre enn det dei faktisk tok – bak lag som Burnley, Everton og Southampton.
Dette betyr at det definitivt er mogleg å sjå eit Tottenham-lag som hamnar på 8. plass – men så var det også mykje som gjekk gale førre sesong. Vi var innom skadane til Kane og Son tidlegare, og sjølv om Spurs sannsynlegvis har eit ufatteleg tett kampprogram den komande sesongen, skal det noko til å få like mange skader på spelarar som utfyller same rolle som i førre sesong.
José Mourinho skal, utifrå den typiske José Mourinho-syklusen, ha sin beste sesong i klubben komande sesong, og noko av det dei viste i sommar var lovande med tanke på den komande sesongen. Laget verka meir solide bakover i bana og angrepsspelarane fyrte på fleire sylinder enn tidlegare.
Skal Spurs klare å utfordre om ein topp 4-plass og Champions League-spel i 2021/2022, bør dei få inn ein backup til spydspiss Harry Kane, i tillegg til dei smarte signeringane av Højbjerg og Doherty. Dersom dei får på plass noko av dette, samtidig som ein spelar som Tanguy Ndombele plutseleg byrjar å levere, kan dette laget så absolutt vere med i kampen om ei topp 4-plassering. Men vi trur dei hamnar utanfor topp 4 for andre sesong på rad. Tottenham Hotspur – 5. plass.