Slaven Bilic sitt mannskap tok 2. plassen i Championship førre sesong og spelar i Premier League den komande sesongen – men det ser ut til å kunne bli ein røff sesong for laget frå Midlands.
Førre sesong
West Bromwich vart sett på som ein av favorittane til å henge med i kampen om opprykk til Premier League førre sesong, og Albion skuffa ikkje – sjølv om dei ikkje vann ein einaste av dei fire siste kampane i 2019/20-sesongen.
I likskap med West Bromwich, rota Brentford på tampen av sesongen og tapte dei to siste kampane sine, noko som førte til at trenar Slaven Bilic og co. tok 2. plassen med 83 poeng.
Overgangar
Inn:
Grady Diangana (frå West Ham), £18 millionar
Matheus Pereira (frå Sporting), £9 millionar
Cédric Kipré (frå Wigan), £1 million
David Button (frå Brighton), £1 million
Ut:
Chris Brunt (utgått kontrakt)
Nathan Ferguson (til Crystal Palace), gratis
Finn Azaz (til Cheltenham), lån
Josh Griffiths (til Cheltenham), lån
Spelarprofil: Matheus Pereira
Brasilianske Matheus Pereira, som førre sesong var på utlån til West Bromwich frå den portugisiske klubben Sporting, var utan tvil lagets beste spelar i 2019/20-sesongen og den viktigaste bidragsytaren for at «The Baggies» spelar i Premier League komande sesong.. Den vandrande playmakeren stod bak det meste av lagets angrepsspel, og stod igjen med 8 mål og heile 16 assists, mest i ligaen, etter sesongslutt.
No har den nybakte Premier League-klubben gjort overgangen permanent for 9 millionar pund, noko som må kunne seiast å vere ein svært god avtale. Publikumet på West Bromwich si heimebane, The Hawthorns, har sjeldan sett spesielt underhaldande fotball frå sitt lag i Premier League – men Matheus Pereira har potensiale til å bli ein skinnande diamant på det øvste nivået. Assistkongen får fansen opp frå seta sine med god nærteknikk, kvikke føter og eit bra blikk for «den siste pasninga» som set motstandar sitt forsvar ut av spel.
Han var ein av Championships beste spelarar førre sesong, men det var for eit topplag – no skal han spele for eit lag som etter alle solemerker kjem til å kjempe i ein heilt anna kamp. Det blir spennande å sjå korleis han taklar å ikkje ha ballen like mykje som han fekk i Championship.
Klarer han å vere tolmodig og jobbe hardt for laget, så kan han fort gjere at Albion klarer å overleve og samtidig potensielt bli eit av neste sommars heitaste salsobjekt, litt som med Jack Grealish i Aston Villa etter opprykket. Men om han blir misnøgd med å måtte forsvare seg i store delar av kampen eller møter på andre problem, kan West Bromwich sin sesong fort gå rett vest.
Dette laget er omtrent totalt avhengige av Matheus Pereira dersom dei skal sikre seg ein plass i Premier League ytterlegare enn berre komande sesong.
Oppsummering
Sjølv om laget som spelar sine heimekampar på The Hawthorns viste at dei hadde eit meir enn solid nok lag i Championship førre sesong, ser dei ut til å gå mot ein svært tøff sesong i den øvste divisjonen.
Spelarstallen er som skrive gode nok for Championship, men dei fleste av spelarane står enten utan erfaring i Premier League eller middelmådige prestasjonar i «verdas mest kompetitive liga». I den siste kategorien har vi spelarar som Jake Livermore, Hal Robson-Kanu og Matt Phillips – som alle tre blir sett på som viktige brikker i dette laget.
Manglande aktivitet på overgangsmarknaden hittil bør vere bekymrande for «Baggies»-fansen, spesielt det at dei manglar ein skikkeleg spiss. Charlie Austin og Hal Robson-Kanu delte toppscorartrona i laget med 10 scoringar kvar i Championship førre sesong. Det seier seg sjølv at ein spiss må inn dørene dersom komande sesong ikkje skal bli ei total katastrofe.
Signeringa av Grady Diangana, som leverte 8 mål og 6 assists førre sesong, er god og vil tilføre laget enda fleire målpoeng og kreativitet. Han og Matheus Pereira kjem til å vere dei to spelarane som gir West Bromwich håp komande sesong.
Ein spiss kan framleis kome inn dørene på The Hawthorns, men det spørs om dei er i stand til å tiltrekke seg ein spiss av nødvendig kaliber. Vi trur West Bromwich Albion får ein tøff sesong og endar på sisteplass.
Tabelltips – West Bromwich Albion
20.plass