Overgangsrykter - Lionel Messi til Manchester City?
25. aug. 2020· erikheimdal00· 2 min

ESPN erfarer at Manchester City held på med talknusing for å finne ut om dei potensielt kan hente Lionel Messi frå Barcelona dersom argentinaren blir tilgjengeleg, utan å bryte Financial Fair Play-reglar.
Barcelona sin offisielle ståstad er at Messi ikkje er for sal og at interessentar får utkjøpsklausulen på €700 millionar i fleisen - men Manchester City undersøker kostnadane dersom Barcelona seier seg einige i å selje for ein rimelegare pris.
Det byrjar å bli lenge sidan Liverpool slo til med ei storsignering, og det ser mindre og mindre sannsynleg ut at det kjem til å skje noko stort i sommar.
Ifølgje Sky Sports er det usannsynleg at Liverpool kjem til å bruke mykje pengar på å hente Thiago Alcantara frå Bayern München. Spanjolen har lyst til å spele for Jürgen Klopp på Anfield, men per no ser det ikkje ut som om han kjem til å spele på Merseyside komande sesong.
Chelsea har vore svært aktive i sommar og ser ut til å kunne hente endå fleire spelarar i næraste framtid, i tillegg til Kai Havertz, Ben Chilwell og Thiago Silva.
Malang Sarr skal ifølgje Sky Sports vere nære på å signere for blåtrøyene frå Vest-London. Sarr si kontrakt med Nice gjekk ut 30. juni, og Chelsea treng ikkje å betale ein overgangssum for å hente den unge midtstopparen.
Everton har hatt ein stille overgangssommar, men verkar å ha bestemt seg for å skulle hente ein sentral midtbanespelar. Napoli-midtbanedynamoen Allan er i samtalar med "The Toffees".
Ifølgje Fabrizio Romano, har Everton gitt eit bod på €25 millionar. Napoli har sett eit krav på €35 millionar, så klubbane er framleis i samtalar. Dersom samtalen mellom Everton og Napoli bryt ned, skal førstnemnde ha Watford-spelar Abdoulaye Doucouré vere på lista.
Wolverhampton-ungguten Morgan Gibbs-White har signert for Swansea City på lån den komande sesongen. Det kunne klubbane bekrefte tidlegare i dag.
Les mer

Premier League9. okt. 2026
Haaland bryter tausheten før Anfield: «Vi må holde sammen»
Første gang han snakker etter 115-dommen. Liverpool mangler Isak og Gakpo, og Haaland kom sliten hjem fra landslaget.

Premier League2. sep. 2026
Chelsea mistet Camara på overtid – Monaco trakk seg fra skriftlig avtale
Chelsea hadde legesjekk, personlige betingelser og en skriftlig avtale på plass for Lamine Camara. Så nektet Monaco å levere papirene før fristen – og Liverpool ringte spilleren midt i kaoset.

Premier League2. sep. 2026
Everton solgte spissen sin – så røk erstatteren i sluttminuttene
Beto ble solgt til Fiorentina. Timer senere kollapset avtalen for Folarin Balogun, og Everton står igjen uten den spissen de hadde planlagt.
