Tabelltips – Newcastle United

Klarer Steve Bruce sitt mannskap å gjenta bedrifta frå fjorårets sesong og unngå nedrykksstriden?Vi trur det.

Førre sesong

Steve Bruce fekk store sko å fylle då han erstatta Rafa Benitez i trenarstolen på St. James Park og mange trudde at laget kunne rykke ned til Championship, men den tidlegare Manchester United-midtstopparen leia laget til 13. plass og 44 poeng – same plassering som Benitez sesongen før, og berre eitt poeng dårlegare.

Trass i at det vart null sigrar på dei siste seks kampane, hadde Bruce sitt mannskap klart å skaffe nok poeng til å vere trygge på å halde plassen i den øvste divisjonen.

Overgangar

Inn:

Callum Wilson (frå Bournemouth), £20 millionar

Jeff Hendrick (frå Burnley), gratis

Mark Gillespie (frå Motherwell), gratis

Ut:

Jack Colback (til Nottingham Forest), gratis

Freddie Woodman (til Swansea), lån

Jake Turner (til Morecambe), lån

Tom Allan (til Accrington), lån

Mo Sangare (til Accrington), lån

Kelland Watts (til Plymouth), lån

Spelarprofil: Allan Saint-Maximin

For 18 millionar pund, vart Allan Saint-Maximin henta frå Nice til Newcastle sommaren 2019 – og den 23 år gamle franskmannen viste seg straks å vere ei av dei aller viktigaste brikkane i dette Newcastle-laget, om ikkje den viktigaste. Saint-Maximin scora 3 mål og la også opp til 4 mål i Premier League førre sesong, noko som ikkje er spesielt bra – men han tilfører laget så mykje meir enn berre dei 7 målpoenga.

Det første ein legg merke til når franskmannen har ballen, er dei enorme dribleferdigheitene hans. Førre sesong var han den spelaren som dribla nest-mest i ligaen per kamp, berre bak unikumet Adama Traoré i Wolverhampton – ein spelar han liknar ganske mykje på i stilen. Begge har ei heilt spesiell kroppsbygging og er eksplosive, sterke, smidige og balanserte, i tillegg til å ha god nærteknikk.

Desse dribleferdigheitene gjer at han bidreg på fleire område. Dersom Newcastle til dømes slite med å kome seg ut av motstandar sitt press, kan dei forsøke å finne Saint-Maximin som kan drible av både ein, to og tre mann for å bryte det presset. Dribleferdigheitene gjer også at han kan forflytte Newcastle sitt spel framover i bana utan at laget må spele seg fram ved hjelp av pasningar, og det er noko kvart einaste lag strengt tatt treng.

I eit elles ganske grått Newcastle-lag, er Allan Saint-Maximin den som tilfører farge og ein skal ikkje sjå vekk frå at han kan ta ytterlegare steg komande sesong. Følg med på den franske kantspelaren!

 

Oppsummering

 

Dei siste månadane i Newcastle United har hovudsakleg hatt eit utanomsportsleg fokus, ettersom Saudi Arabias kronprins Mohammed bin Salman har forsøkt å kjøpe klubben – men upopulære Mike Ashley ser etter alle solemerker ut til å eige den tradisjonsrike klubben også komande sesong.

Men det ser ut som om Newcastle får på plass dei type spelarane dei treng. Dei har fått inn Callum Wilson frå Bournemouth som vil tilføre mål, og Jeff Hendrick frå Burnley som gir ekstra dekning på midtbana. Ryan Fraser og Jamal Lewis ser også ut til å vere på veg nordover, noko som gjer at spelarstallen byrjar å sjå ganske bra ut.

Bruce sine sleppte ikkje inn uhorveleg mange mål, men det vart få scoringar framover i bana for Newcastle. Med 38 scoringar, noko som er akkurat eitt mål per kamp, var det berre tre lag (Crystal Palace, Watford og Norwich), som scora færre mål i Premier League førre sesong.

Underliggande tal viser at Newcastle kan prise seg lukkelege for at dei faktisk enda på 13. plass førre sesong. Ifølgje Understat sine xPoints-tal, var Newcastle forventa å ta 31,92 poeng – minst i heile Premier League. Dei var spesielt heldige bakover i bana, mykje takka vere dårlege avslutningar og ein god Martin Dubravka i mål, ettersom dei var forventa å sleppe inn 9 fleire mål (67,03) enn det dei faktisk gjorde til slutt (58).

Det er vanskeleg å spå korleis Newcastle kjem til å gjere det neste sesong. Dei kan vere med i nedrykkskampen, men dei kan også fort vere heilt komfortable omtrent midt på tabellen. Vi trur Steve Bruce, Allan Saint-Maximin og dei nye signeringane leiar laget til 14. plass komande sesong.

Tabelltips – Newcastle

14.plass

Fotball VM 2022

Fantasy Premier League

Odds