Tottenham-spelarane du bør vurdere på Fantasy

Tottenham hadde ein svært varierande førre sesong og trass i at dei tidvis såg gode ut etter oppstarten av sesongen i juni, kan dei ikkje friskmeldast enno. Men det kan vere mykje verdi og spennande spelarar på fantasy både i forsvaret, midtbana og angrepet i Nord-London.

Forsvar

Spurs sleit defensivt førre sesong og sleppte inn heile 47 mål i ligaen, mykje på grunn av at det var lett å trenge gjennom den sentrale midtbana deira. No har Pierre-Emile Højbjerg kome inn portane på Tottenham Hotspur Stadium, noko som kan bety at vi har nokre spennande fantasy-alternativ i Spurs-forsvaret.

Matt Doherty (6.0m) leverte fjerde mest poeng av alle forsvarsspelarane førre sesong, berre slått av Liverpool-forsvarar, og enda på krutsterke 167 poeng. Under José Mourinho, spelte høgreback Serge Aurier ei svært offensiv rolle førre sesong der han ofte var farleg frampå i gode posisjonar. No ser det etter alle solemerker ut til at Doherty skal ta over stafettpinnen og iren kan fort bli ein poengplukkar av rang komande sesong. Det kan vere lurt å sjå an om Tottenham har forbetra seg defensivt, men den tidlegare Wolves-spelaren kjem nok uansett til å levere bra med poeng på grunn av sin offensive spelestil.

Ben Davies (5.0m) kjem sannsynlegvis til å spele fast på venstrebackplassen og til den prisen kan han vere eit fornuftig val – men han kjem ikkje til å vere i nærleiken av like offensiv som Doherty.

Det er framleis litt usikkert kven som blir Tottenham sitt midtstopparpar komande sesong, og ein bør difor styre unna Toby Alderweireld (5.5m), Davinson Sanchez (5.5m) og Eric Dier (5.0m) frå starten av.

Hugo Lloris (5.5m) kjem sannsynlegvis til å levere bra med poeng, men på keeperplass finst det betre verdi å hente blant dei billegare alternativa.

Midtbane

På Tottenham si midtbane er det ein spelar som skil seg ut fantasymessig – nemleg Heung-Min Son (9.0m). Sør-koreanaren leverte solide 169 poeng førre sesong og leverer målpoeng jamnt og trutt, sjølv om han ikkje alltid er på sitt beste spelemessig. Han kjem til å bli heilt essensiell for Mourinho og co. dersom dei skal ha ein god sesong, og han er heilt «bankers» i laget. Ein bør så absolutt vurdere å ha Son på laget sitt frå starten av.

Utanom Son er det litt vanskelegare å lese terrenget blant midtbanespelarane til Tottenham på fantasy. Dele Alli (8.0m) kan definitivt vere verdi for pengane dersom han klarer å halde seg skadefri og får spele i si føretrekte rolle tett opp mot Kane.

Personleg trur eg også at Steven Bergwijn (7.5m) er spennande dersom han får ein fast plass i laget. Det ein må vere obs på er at det blir eit ekstremt tett kampprogram komande sesong, og Bergwijn kjem til å vere ein av dei som er i størst fare for å bli sett ut av laget når Mourinho skal rotere. Men når hollendaren først spelar, kan han vere eit spennande alternativ.

Angrep

Tottenham har foreløpig berre ein spelar sett opp i angrepsrekka på fantasy, og det er sjølvsagt ingen andre enn Harry Kane (10.5m). Den engelske landslagskapteinen hadde ikkje sin beste sesong i 2019/20, men klarte likevel å raske med seg 18 mål og 2 målgivande pasningar, og forma hans etter oppstarten av ligaen i juni var svært oppmuntrande. Kane såg verkeleg ut til å vere tilbake på sitt beste, og verka å ha skikkeleg friske bein for første gong på svært lenge takka vere det tre månadar lange avbrekket. Dersom Harry Kane held seg skadefri, kan det bli svært farleg å gå utan han – og det til ein ganske fin pris.

Oppsummering

Alt i alt er det fleire alternativ som bør vurderast frå Tottenham, der dei dyraste spelarane i Matt Doherty (6.0m), Heung-Min Son (9.0m) og Harry Kane (10.5m) er mest aktuelle. Personleg kjem eg nok til å sitje med Harry Kane på laget mitt frå første serierunde av. Eg trur han fort kjem til å vere ein av dei spelarane som leverer flest poeng på fantasy den komande sesongen om han held seg skadefri.

Fotball VM 2022

Fantasy Premier League

Odds